Beredskapsvakt

Aurland Energiverk AS har mannskap i beredskapsvakt 24 timar i døgeret. Me har eit vaktsamarbeid med Lærdal Energi AS, det er til ein kvar tid ein montør på vakt i kvart everk. Overordna vakt er felles for begge everka, og vil vekselvis vera personell frå Aurland Energiverk og Lærdal Energi.

Vakttelefonen 57 63 20 88 vert automatisk vidarekopla, slik at ein alltid vil treffe vaktmannskapet ved å ringe dette nr.

Ved større feil, kan ein oppleve å ikkje komme i kontakt med vakta, men ein kan då legge att melding på svartenesta.