Det lokale eltilsyn

Aurland Energiverk AS har eit samarbeid med E-trygg på tilsynsfunksjonar. E-trygg utfører tilsynsarbeid på vegne av Aurland Energiverk AS. Tilsynsarbeidet er svært viktig for å få førebygge skade og ulukker ved bruk av straum. Mange ulukker vert årleg avverja på grunn av dette arbeidet.

Når du har installasjonsinspektøren på vitjing, kan du nytte høvet til å stille spørsmål om fornuftig straumbruk. Han svarar svært gjerne og hugs, det gjeld din eigen tryggleik!

Det eltryggleiksarbeidet som DLE er pålagt å utføre er inndelt i fylgjande målområder:

  • Kontroll av elektriske installasjonar og utstyr i private bustader, kombinert med informasjon om sikker bruk av straum.

  • Informasjon- og opplysningsverksemd i skular, lag og foreiningar.

  • Kontroll med omsetjing av elektrisk utstyr for å sikra at det utstyret som vert brukt, oppfyller gjeldande tryggleikskrav.

  • Revisjon og verifikasjon av den delen av internkontrollsystema som gjeld det elektriske anlegget i verksemder.

  • Kontroll og oppfølging av elektroinstallatørar sitt arbeid i energiverket sin områdekonsesjon (heile Aurland kommune).

  • Kontroll og oppfølging av verksemder med elektromedisinsk utstyr.

  • Hjelpe politiet i brannetterforsking.

Ønskjer du tilsyn?

Ta kontakt med oss.