Kompensasjon ved straumbrot

Aurland Energiverk sine nettkundar kan krevje kompensasjon ved straumbrot over 12 timar. Sjå satsane nedanfor.

Dersom straumen kjem og går, vert straumbrotet rekna som samanhengande om straumen er tilbake i mindre enn 2 timar mellom kvart brot. For fritidsbustad kan ikkje kunden krevje meir enn det som er forventa årleg nettleige.

Det er NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) som har innført ordninga. For å få utbetalt kompensasjon skal kunden sende inn krav til Aurland Energiverk AS.

Her må kunden opplyse om kontonr. som kompensasjonen skal betalast inn på.  

Satsane er  :  

-  kr. 600   frå  12- 24 timar.
-  kr. 1400  frå  24-48 timar 
-  kr. 2700  frå 48 - 72  timar.  
Vidare  + kr.1300 for kvar påbyrja 24-timarsperiode.

Aurland Energiverk  tek atterhald om at den ekstraordinære situasjonen kanskje ikkje gjev rett til kompensasjon ved langvarig utkopling.