Kontroll i private bygningar

DLE gjennomfører kvart år kontrollar av elektriske anlegg i bustader, hytter, driftsbygningar, mm.

Det er ein stor fordel at eigar/brukar deltek under kontrollen. Dette for å kunne gje informasjon om eltryggleik, likeins kunna gje forklaring på kva som er faren med dei avvik som eventuelt vert påpeika.

Vår inspektør vil fylgja leidningsnettet frå inntaket, gjennom sikringsskåpet og vidare frå sikringskursane og fram til tilkopla apparat og utstyr.

Døme under beskriv ein kontroll av ein bustad.

INNTAKSBOKSEN:

  • Kontroll av sikringsstorleik, eventuelt varmgang

  • Spenningsførande delar skal vera skjerma mot berøring (at sikringane kan betenast utan fare for straumgjennomgang.)

SIKRINGSSKÅPET:

  • Måling av isolasjonsmotstand (jordfeil)

  • Test av jordfeilbrytarar/automatar.

  • Måling av feilstraumar.

  • Korrekt merking og rett storleik på sikringar

  • Spenningsførande delar skal væra skjerma mot berøring (at sikringane kan betenast utan fare for straumgjennomgang.)

  • Kontroll av jording (hovudjord og utjamningssamband)

  • Evt. varmgang, eks. lause tilkoplingsklemmer.

  • At det ikkje er oppbevart brennbart/uvedkomande materiale i sikringsskåpet/tavlerommet.

DEN FASTE INSTALLASJONEN:

  • Kontinuitetstesting av jording (at jordforbindelsane er i orden)

  • Det skal ikkje vera blanda jorda og ujorda installasjonar.

  • Alle kablar og leidningar skal vera godt festa

  • Kontrollerer at kablar, elektrisk installasjonar og elektrisk utstyr ikkje har skadar.

  • Kontrollerer at kablar, elektrisk installasjonar og elektrisk utstyr ikkje har varmgang (t.d. i brytarar, koplingsboksar, stikkontaktar osv. (visuell kontroll).

TILKOPLA UTSTYR:

  • Kokeplater på komfyren skal alltid vera slått av etter bruk.

  • Varmeomnar skal ikkje vera dekka til.

  • Utstyr som trekkjer mykje straum skal ikkje vera tilkopla via skøyteleidning.

  • Varmeomnar og sengelampar på barnerom skal vera festa til vegg.