Leveringsplikt
Dersom du ikkje har vald ein kraftleverandør, har me som nettselskap plikt til å levera kraft til deg, til ein pris som er høgare enn du normalt vil kunne få frå ein vanleg kraftleverandør. Dette vert kalla leveringsplikt, og er kun meint som ei midlertidig ordning inntil du har skaffa deg vanleg kraftleverandør.
Prisen på leveringsplikt er dei første seks vekene regulert av Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE), og skal då vera lik områdeprisen på Nord Pool Spot, pluss maksimalt 6,25 øre per kWh inkl. mva (5 øre eks. mva.). Dette inkluderer også kostnadar til innkjøp av elsertifikat.
Etter dei første seks vekene har Aurland Energiverk AS ein pris på leveringsplikt lik Nord Pool Spot pris, pluss 12,5 øre per kWhinkl. mva (10 øre eks. mva.).
Slik kan du byta kraftleverandør
Du kan når som helst byta kraftleverandør om du ynskjer dette. Du kan samanlikna kraftprisar på Konkurransetilsynet sine kraftprissider.
Du må oppgi flg. opplysningar ved bestilling av kraft:
-Målepunkt ID
-Fødselsdato eller organisasjonsnr:
-Namn
-Målepunktet si adresse
For meir informasjon om korleis kraftmarknaden fungerer, sjå NVE sine forbrukersider.
Kraftleverandørar i vårt område
Agva Kraft AS
Akraft AS
Aurland Energiverk AS
E-CO Energi AS
Energi Salg Norge AS
Fjordkraft AS
Fortum Markets AS
Gudbrandsdal Energi AS
Hafslund Strøm AS
Kinect Energy AS
LOS AS
LOS Energy AS
Lærdal Energi AS
NTE MARKED AS
Oslo Kraft AS
Power1 AS
Privatmarked NorgesEnergi AS
Ustekveikja Energi AS
Sjå ellers Konkurransetilsynet sine sider om kraftprisar og leverandørar.