Nettanlegg 

Overføringsanlegg

Krafta vert levert oss frå E-Co Energi as og då i hovudsak som 66 kV i Vangen kraftstasjon. I tillegg til dette har vi ein del mindre uttak frå E-Co Energi AS sine anlegg på ymse stader i bygda.
Krafta vert levert i samsvar med avtale mellom Aurland kommune og Aurland Energiverk AS.

Sekundærstasjonar

Aurland Energiverk har to sekundærstasjonar. Vangen sekundærstasjon 66kV/22kV ( i tilkomsttunnelen til Vangen kraftverk ) forsyner Aurlandsvangen området rundt samt Flåm.  Ramsøy sekundærstasjon 22kV/6kV ( Gudvangen ) forsyner ut Nærøyfjorden til Drego.

Distribusjonsnett

Distribusjonsnettet i Aurland består i dag av: 75 km høgspentliner (for det meste 24 kV) 66 km høgspentkablar (for det meste 24 kV) 168 stk fordelingstransformatorar
114 km lågspentlinjer (for det meste 230 v) 80 km lågspentkablar (for det meste 230 v)

Naboverk

Aurland Energiverk AS har linjenett fram til ein møter kommunegrensa mot Voss. Der har ein mogelegheit for å utveksle kraft med Voss Energi, men dette utvekslingspunktet vert berre nytta i krisesituasjonar. Linjene våre går også ut Nærøyfjorden og opp Flåmsdalen til Kjosfossen. I Kjosfoss kraftverk har ein mogelegheit for å utveksle kraft med EB-Nett. I Lærdalstunnelen har me eit utvekslingspunkt med Lærdal Energi, dette vert og hovudsakleg nytta i krisesituasjonar. 

Tunellar

Det er lagt høgspentkabel gjennom Lærdalstunnelen, og ca 17 km inne i tunnelen frå Aurlandssida møter vi Lærdal Energi og kan utveksle kraft med dei. Desse områda vert under normal drift forsynte ut frå Vangen kraftstasjon der me har eit 22kV koplingsanlegg med 5 utgåande linjer.

Vassbygdi/Aurlandsfjelli

Vassbygdi er ikkje tilknytt dette anlegget, men vert forsynt frå Sittjane. Dette er grunnen til at dei som bur i Vassbygdi ikkje vert råka av eventuelle problem med straumforsyninga frå Vangen Kraftstasjon. Aurlandsfjelli vert forsynte frå Aurland III (Øyestølen) og Aurland II (Vetledalen).
Desse kraftstasjonane ivaretek forsyninga til alle tunnelane opp Aurlandsdalen og kundane våre i Stondalen, Østerbø og Steinbergdalen.