Vedlikehald

Saksgangen ved kontroll og oppfølgjing:

  1. Kontrollen vert varsla på førehand, anten skrifteleg eller munnleg. Dersom det ikkje vart avdekka feil/manglar ved kontrollen, vil dette gå fram av rapporten og saka vert avslutta.
  2. Dersom det ved kontrollen vart avdekka feil/manglar, vil kunden få tilsendt eit varsel om vedtak i lag med rapport som beskriv feil/manglar. På varslet om vedtak er det sett ein frist for tilbakemelding. Når me har motteke tilbakemelding om retting av feil/manglar, vil me vurdera denne og saka vert avslutta.
  3. I dei tilfelle det vert avdekka alvorlege feil/manglar vil det verta sendt vedtak direkte.
  4. Dersom fristen på varselet om vedtak går ut, utan at me har motteke tilbakemelding, vil me gjera vedtak i saka. Vedtaket vil i lag med rapporten verta sendt kunden. I vedtaketet vert  det sett frist for retting av feil/manglar. Innan denne fristen må også Det Lokale Elektrisitetstilsyn (DLE) ha tilbakemelding om at feil/manglar er retta. Når me har motteke tilbakemelding om retting av feil/manglar, vil me vurdera denne og saka avslutta vert.
  5. Dersom kunden ikkje føl opp vedtaket innan fristen, vil det bli utsendt purring på vedtaket, med frist for tilbakemelding.
  6. Dersom kunden ikkje føl opp purringa, vil eit av alternativa under bli vurdert sett i verk:
  • 6.1, saka vert sendt over til Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB) for vurdering om tvangsmulkt med heimel i lov av 24.mai 1929 nr. 4 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr, § 13.
  • 6.2, Dersom vidare drift med dei feila/manglar som vart avdekka ved kontrollen inneber fare, kan anlegget verta fråkopla.