Sjekkliste for eigenkontroll

Dette kan du kontrollera sjølv:

  • Inntakssikringane er som oftast montert der jordkabel eller luftlinje kjem inn i bygningen.

  • Inntakssikringane skal ikkje vera unormalt varme.
  • Spenningsførande delar ved inntak skal vera skjerma mot tilfeldig berøring.
  • Sikringar i sikringsskåpet skal ikkje vera unormalt varme.
  • Dersom sikringen ofte koplar ut, tyder dette på at det er for stor belastning på denne kursen.
  • Kontroller at skrusikringar er godt tilskrudde.
  • Det skal ikkje oppbevarast brennbart materiale eller uvedkommande ting i sikringsskåpet.
  • Spenningsførande delar i sikringsskåpet skal vera skjerma mot tilfeldig berøring.
  • Kontroller at varmeomnar ikkje er dekka til av gardiner eller andre gjenstandar.
  • Kontroller at veggomnar er godt festa.
  • Kontroller at tørkestativ eller klessnor ikkje er plassert nærare omn enn den avstanden som er påstempla omnar på bad og vaskerom.
  • Kontroller at det ikkje er brukt større lyspærer enn det som er påstempla lysutstyret.
  • Kontroller at sengelampar og varmeomnar på barnerom er skikkeleg festa til veggen.
  • Kontroller at TV-apparatet er avslått med brytaren når det ikkje er i bruk.
  • Kontroller at støpslet til kaffitraktar, brødristar, vasskokar er teke ut etter bruk.
  • Kontroller at kokeplater på komfyren alltid vert slått av etter bruk.
  • Sjå etter at det ikkje er synlege feil og manglar på installasjonar og utstyr.
  • Bruk aldri vaskemaskin og tørketrommel utan tilsyn.
  • Unngå utstrakt bruk av skøyteleidning.
  • Elektrisk utstyr som vrt brukt utandørs skal alltid tilkoplast jorda stikkontakt.
  • Utan forvarsel kan ulykker ramma deg og dine næraste. Montering av jordfeilbrytar og overspenningsvern er ei god forsikring for å sikra bustaden mot brann og berøringsfare.
  • Jordfeilbrytaren og overspenningsvernet vert montert i sikringsskåpet. Den koplar ut straumen om det oppstår ein jordfeil.

Dersom det vert avdekka feil eller mangel på det elektriske anlegget, må desse utbetrast av installatør.

Anbefaler å føreta ein «Elsjekk» av den elektriske installasjonen kvart 10-12 år, ta kontakt med elektroinstallatør for å avtale dette.